Damelaget opna serien med seier!
Bergsøy sitt damelag møtte søndag Godøy. Bergsøy vann kampen 19- 14.
Laurdag er det ny kamp for damelaget. Det er Skarbøvik som kjem til Herøyhallen.
Andre handballresultat denne helga:
2 DIV HERRER SKOGN- BERGSØY 34-35
2 DIV HERRER SANDNESSJØEN-BERGSØY 25-25
G 16 KRISTIANSUND-BERGSØY 27-17
J14-2 BLINDHEIM 3- BERGSØY 2 11-15
J14-2 SPJELKAVIK 2- BERGSØY 2 15-9
J12-1 ØRSTA -BERGSØY 1 1-15
Låser
Kvar dag set vi ein nøkkel i ein lås. Vi låser opp og att, til dømes heimen vår med eigenlutar som kanskje og ligg låst i ei kiste. Da føler vi oss tryggare. I tillegg til å ha denne praktiske funksjonen, har nøklar vorte anset for å være eit verdigheitssymbol. Under jarnalderen var det status å være husfrue og bære nøklar. Dette ser vi i fleire gravfunn. Dei best bevarte nøklane vart laga i bronse og var ofte svært kunstnarisk bearbeida og av høg kvalitet. Smijernskunsten fekk etter kvart ein betydeleg plass som dekorativ kunstform i samfunnet. Dei store låsane og vakre dørbeslag som vart laga, sette den profesjonelle låsesmeden meir i klasse med kunstnarar enn med handverkarar.
|
Denne barokke utanpå liggande låsen, med dørvridaren på andre sida av døra er typisk sein 1700- tals lås. Låsen sit på ein av dørene i Oppigardstova på Godøy Kystmuseum. |
Dei eldste fysiske spor etter låsesmedar er frå Egypt, og kan daterast attende til ca år 2000 f. Kr.
I Noreg er dei eldste funna av nøklar og låser tidfesta til den yngre del av jarnalderen (ca år: 500-1030 e.kr).
Den eldste låsen vi kjenner i Noreg er ein hengelås . Vi kallar det ein hengelås når låsen kan tas laus frå kista, døra eller kva det er ein vil låsa, i motsetnad til ein fast lås.
Dei eldste hengelåsane har form som ein kube, og dette var det vanlegaste i vikingtida. Frå 1200-talet blir det vanleg med såkalla boltlåsar med sylinderforma låskasse og avtagbar regel, den såkalla bolten.
For å låse opp låsen treng vi ein nøkkel, og frå dei eldste funna ser vi at dei består av handtak, skaft og skjær/skjegg. ”Skjegg” går inn i låsemekanismen og er i prinsippet forskjellig frå lås til lås. Nøklane i våre dagar har skjegg påsett i skaftets lengderetning, og er berre på ei side. Boltlåsnøklane frå middelalderen såg annleis ut. Til dømes kunne det som fungerar som "skjegg" (skjæret) være bøygd i vinkel på skaftet,
”Det seies også at ein nøkkel kunne brukas i ein anna samanheng i Middelalderen: Som straff ved tjuveri kunne tjuven brennemerkas på kinnet med nøkkelens skjegg/skjær.”NIKU.
WELCOME TO ØRSTA AND THE HOTELL IVAR AASEN
The hotel is located in Ørsta town centre, next to the Ørsta Fjord and surrounded by the majestic Sunnmøre Alps. The hotel is within walking distance of buses, shops, a doctor and the local taxi central.
The Wideroe airline company has an airport that is five minutes’ drive from our hotel.
G12 (1995) HARAM - VOLDA, 8 - 23
11-åringane tapte kampen før oss mot Haram 2 i Brattvåghallen på laurdag, og då måtte 12-åringane prøve å vinne sin kamp mot Haram. Vi brukte litt for lang tid å kome i gong i første omgong, men når gutane først byrja å sveitte, kom måla. Til pause leia vi 11 - 3. I andre omgong held gutane fram med å hamre inn mål, og det var ingen tvil om kven som kom til å vinne kampen. Sluttresultatet blei 23 - 8 til oss. Mykje positivt i denne kampen, ein kamp då vi leia mykje og vann klart og det derfor kan vere vanskeleg å halde fokus og konsentrasjonen på topp heile tida. Vi må framover fokusere på det positive. Vidare må vi terpe meir på forsvarsspelet, særleg i midtforsvaret der samarbeidet må verte betre. Vidare må vi få fleire avslutningar frå vingane. Der har alle spelarane eit ansvar og ein del å øve på. Desse var med: Aasmund Aarseth Rotevatn (mv), Sondre Vassbotn Mork, Fredrik Bjørneseth, Henning Hellebust, Sindre Dyrhovden, Audun Røed Myklebust, Oskar Skjåstad Vassbotn, Øystein Vassbotn og Trygve Ulvund Solstad.
24. februar, Ståle M.
Vil gjere det enklare å lage nettside
Av: Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet/ Vestposten
Ulstein it-senter lanserer i desse dagar eit nytt publiseringsverktøy for internett. Poenget med produktet er at det skal verte enklare for kulturorganisasjonar å lage og oppdatere nettsider.
– Alle som lagar slike publiseringsverktøy, lokkar med at det er dei som har laga det enklaste. Det me kan seie, er at me er dei einaste på Ytre Søre Sunnmøre som har lage eit slikt verktøy, seier Magne Grimstad.
Gode erfaringar
Vi har alt vore i marknaden sidan hausten 2003 med FolkeWeb. Dette verktøyet har vore ein stor suksess. No kjem vi med eit enno enklare publiseringsverktøy. Frå to av våre brukarar har vi fått dette:
Vi i Blåsarane (supportarklubben til Hødd) benyttar oss av FolkeWeb på grunn av den enkle løysinga, og for at det var det rimlegaste vi kunne finne for ei lita Blåsarkasse. Vi hadde ingen betenkeligheiter når FolkeWeb kom på bana med sitt tilbod.”
Denne meldinga fekk vi frå Åheim I.L.: ”Vi likar verktøyet godt og har masse journalister og skribentar. Dette fungerar veldig bra!”
Nye brukarar av FolkeWebKutur:
- Hareidsstemna
- Dimna IL
- Musikklaget ULF
- Ulsteinvik Skulekorps
- Shomer Israel
- Brandal Friskule
- Voxing

